onsdag 15. januar 2014

Prologen


Ein månad er lenge å vere på skitur, difor må det testast om me fungerar saman før me legg i veg. I romjula kom Marie og Torunn til Valdres, tida var inne for prolog - kjem alle vidare? I Valdres kjenner Åslaug og Randi til mange fine turmoglegheiter, det vart ei flott runde i variert terreng. Når ein sklir ned i sitt eige tun etter fem dagar i Jotunheimens forgård vert ein rimeleg nøgd med heimstaden sin (Randi - Vangspatriot).

Ruta vår, kart frå godtur.no

 
Finveret frå oppstarten gjekk over i kvitt, kvitt og atter kvitt, som varte turen ut. Det vart god trening på orientering, rullering og gruppeorganisering slik det kan bli på langturen. Det lovar godt at alle fire held humøret oppe og hovuda kalde når det me trudde var nord viser seg å vere sør, og det plutseleg er ein skrent ute på isen. Me måtte finne GPSen, og fann at me var der me trudde, men såpass i kanten av vatnet at me var litt utanfor. Vidare held me stø(are) kompasskurs.


Kos fekk me også tid til, det var jo trass alt jul. Kvar dag åt me god mat, sjokolade og drakk kaffi. På nyttårsaften var det vin til maten, finkjolar kl 12, bartefest og nyttårsdram. Ein knallstart på eit spanande år!

 Sjokolademousse (!) og kaffi

 Nyttårsmiddag. Me nyt fersk turmat så lange me kan!

 Suksessterte frå Tante Kari

De bli itj fart ut'n bart

Lista med tema til gjennomgang var lang. Fungerar me som gruppe? Kva er måla våre med turen? Kva er motivasjonen for å leggje ut på langtur? Kva må planleggjast før me kan reise ut? Kva utstyr skal me ha med? Kva mat skal me ete og kor mykje? Korleis skal me organisere dagane? Korleis skal me organisere leiren? Kor mykje og tungt må me trene på førehand? Kven kan kva? Har me like god humor?


Siste natta var me på stølen til Randi, i Hølun. Det vart ein varm, triveleg kveld og effektiv kveld. Me skreiv lister og fordelte ansvar, og såg på ruta over Spitsbergen. Me fekk også tid til å drikke kakao og lese Donald.


Mykje vart snakka om og diskutert, mange gode meiningar, tankar, kjennskap og kunnskap kom fram. Mykje skal planleggjast og organiserast dei neste to månadane. Det er jammen ikkje lenge til me skal av garde.Alle kom heldigvis vidare frå prologen!

Til slutt bestemte me oss for å prøve å skape litt blest kring turen vår. No les du jo blogg, og du kan også følgje sida vår på facebook (polarjenter - dit asfalten aldri når) og profilen vår på instagram (@polarjenter #polarjenter). Denne profileringa har fleire årsakar. Me håpar å dra i land nokore sponsoravtaler, og sponsorane vil me gjerne vise fram! Me vil også gjere litt ekstra ut av at me skal legge i veg på noko såpass "stort" og krevjande. Ikkje minst vil me vise fram, og inspirere andre, til det turlivet me likar så godt sjølve!



Håpar de vil følgje med oss i tida framover! Eit og anna blogginlegg kjem nok, men i hovudsak vil oppdateringane koma gjennom facebook og bilete på instagram. Me gledar oss til tur, og jobbar hardt for å klargjere alt som klargjerast må før polarjentene kan vende skituppane sørover og labbe av garde.

onsdag 8. januar 2014

Turing-turang - me er i gang

Då er me omsider på nett!

I mars/april skal me gå over Spitsbergen, frå nord til sør, steik kor me gler oss. Her kjem me til å leggje ut informasjon om oss, planlegging og sponsorar. Følg oss gjerne på facebook og instagram: polarjenter.

Fire glade jenter


Marie, Torunn, Randi og Åslaug