onsdag 30. april 2014

Voi Voi - for ein tur!

No har me sett havet både i nord, sør, aust og vest, og er attende i Longyearbyen etter ein fantastisk skitur over Spitsbergen.

 

 

I går vart me henta på nordsida av Van Keulen-fjorden, 34 dagar etter me vart sett av på Verlegenhuken.

Kontrasten frå telt, ski, primus og talkum-føter til dusj, kaffimaskin, pizza på Kroa og pils på KB er stor. Det har ikkje heilt gått opp for oss kva me har vore ute på.

Det kjem lengre skildringar frå turen, men det treng me litt meir tid på. Her kjem eit kort samandrag.

26. mars starta me frå Verlegenhuken i strålande sol, på godt føre. Me gjekk austsida av Verlegenhuken, mot Dünerbreen og Åsgårdfonna. I klarveret fekk me sjå Nordaustlandet ute i havet!

På Verlegenhuken

Veret skiftar fort, og frå å vurdere BH gjekk det om lag ein halv time til me måtte setje opp telt på grunn av sterk vind og snøføyk. Der vart me liggjande verfaste i fire dagar. Dette var etter to og ein halv skidag, Sørneset virka utruleg lang unna desse dagane. 1. april løya det såpass at me fortsette over Åsgardfonna. Det vart kalde dagar med vind, lite sikt, mykje kompasskurs og mykje roping av "høgre" eller "venstre". Når me omsider kom oss ned Trinity Hallbreen og ned på Veteranbreen roa veret seg mykje, sikta og fjella kom fram, og den kanskje mest utfordrande delen av turen låg bak oss.

Verfast

Hurra, me fann depot 1

På Veteranbreen vart det annleise dagar! Me fekk sol og klarver, det var fjell på alle kantar, kompasset kunne liggje i lomma og lunsjpausene vart lengre. Sola varmar meir for kvar dag som går, snart er det lyst heile døgeret.

Sållll

Klarveret fortsette over Lomonosovfonna, og med klarveret fulgte låge temperaturar. Kor kaldt me har hatt det er ikkje godt å seie, sidan termometeret vårt knuste fyrste dagen. Me kunne stille nåla dit me ville, så ifølgje termometeret har me hatt alt frå 50+ til 50-.

I Fullmardalen fekk me depot og besøk frå Longyearbyen. Fantastiske Mats pakka sleden med det me hadde lagt klart, og ordna med fleire ting me trengte for å fortsetje turen litt meir komfortabelt. Ved og pils hadde han også pakka med, det var ein kjempetriveleg kveld rundt bålet. Tusen takk for besøket til Mats, Ingeborg, Stig Ove, Maja og Kristine! Dagen etter tok me oss ein velfortent kviledag, og åt heimelaga storfegryte, rotmos og snickerskake frå Ingeborg. Tusen takk!

Sørover valde me å gå ei austleg rute, om Kvalvågen og Davisbreen. Ei ny og spanande rute me har fått til gjennom gode innspel fra Anne, som har imponerande oversikt over breane i sør. Denne kjem me tilbake til!

Me nådde Sørneset dag 28 av turen, ein stasdag med sol og måkeskrik.

Sørneset

Nordover (ut frå nasjonalparken) gjekk me til Van Keulen, og vart litt småstressa når me såg kor lite is som låg i fjorden. Me fulgte eit skuterspor, som fleire gonger gjekk rett ut i vatnet. Heldigvis var det ein liten iskant heilt inne ved Nathorstbreen, som me smaug oss gjennom på. Siste dag på tur vart den fyrste dagen me såg isbjørn. Ei binne med to ungar låg inne i breisen. Ho låg stille og fint, og virka mett og god. Det var ein del sel i fjorden.

Den 29. april vart me henta på Sysselmannsbreen. Eit gledeleg gjensyn med bobler og heimelaga kanelboller. Plutseleg var det over.


tirsdag 25. mars 2014

Utreise.

Helga er allereie over, og jammen er måndagen gått også. No skal me på skitur! Det vert ekstra godt å koma seg ut etter intense dagar i Longyearbyen. I hovudsak har me opphalde oss innandørs. Heldigvis har me store sjanser til å fylle opp med frisk luft den neste månaden.

Siste oppteikning av rute

Det har gått i mat, mat, mat, utstyr, utstyr, musikk, snakking, tøys, rute, kaffi, eting og litt soving. No er all mat til folk og hundar dagspakka, begge depota er klare. Det er viktig at rett kalorimengd kjem i rett pose! Me har gått gjennom alt utstyr enda ei gong. Tok alle med det dei skulle? Så langt ser det bra ut, så me håpar det ser bra ut også på Verlegenhuken på tysdag.

Åslaug hakkar hundesnacks

Er me spente? Ja.
Gledar me oss? Ja.
Er det framleis god stemning i dei 40 kvadrata? Utruleg nok, ja.
Er pulkane klare? Så og seie ganske snart.

Desse raringane skal også vere med

No er det berre timar att til utkøyring. Det kilar i magen, ei god blanding av glede, nervøsitet, spenning og skrekk, men gleda overstyrer det meste. Siste gjeremål før leggetid siste natta; innveiing av samtlige turdeltakarar. Håpar bernaisen har gjort jobben!

Det er nydeleg ver i Longyearbyen, me håpar det held seg til me kjem oss ut.

Endeleg ber me pulkane ut!

lørdag 22. mars 2014

4 jenter, 4 pulkar, 40 kvadrat

Då er omsider alle Polarjentene på plass i Longyearbyen, det er utruleg godt å vere samla!

Feiring av Polarjenter sin samankomst, og ei fin pause i pakkinga

Randi kom opp på onsdag, medan Åslaug landa i dag. Marie har pakka med crocsa frå kontoret. Torunn førebur seg til å ta alle bjørnevaktane med å jobbe nattskift på flyplassen og dagskift i barnehagen. No er det konstant køyr i leiligheita til Marie og Torunn med siste matpakking, organisering av depot, pakking av utstyr, testing av solcellepanel og lading av satelittelefon for å nevne noko. Det er med andre ord FULLT i leiligheita.

Her har me rydda

Me har gått gjennom ruta og telt kilometer nøye, og gledar oss til å gå kvar og ein av dei. Måtte det gå slik!

Marie tel nøye

Me trudde det skulle vere lett å få tak i hundar til turen, men det var det ikkje! Dette stressa oss ei periode. Etter mykje jobbing fekk Torunn napp på to gode hundar i midten av mars. Det er heilt fantastisk at me får ha med oss desse på tur, tusen tusen takk!!

Loki og Randi på tur i Bolterdalen

Loki er ein bamse av ein grønsky på 8 år, og Villa er ei alaska husky på 4. Marie og Torunn har latt hundane møtes, og tok dei med på tur saman, noko som ser ut til å gå fint. Dei har også hatt fleire treningsturar med Torunn. Randi og Loki var på bli-kjent og treningstur i Bolterdalen i går, og det var mykje kraft i bamsen. Han har vore på mange lange turar før, men er for treig for spannet. Han er kastrert, så det skal ikkje bli auke i hudetalet i løpet av turen. Dei likar å bli kosa på stussen begge to, så det blir mykje kos den neste månaden.

No må me attende til pakkinga. Hurray!

tirsdag 11. mars 2014

Ein dag og ein dag til, og snart er det tur.

For kvar dag som går er det ein dag mindre til me reiser på tur. Tida går veeeeeldig fort! Om to veker står me på Verlegenhuken, Spitsbergen sitt nordlegaste punkt, og startpunktet for skituren vår.

Fire spreke, sterke, staute, samstemte, supre, søte, saiko, smekre, svette jenter som snart er klare for ski og uteliv

Døgeret kunne hatt nokre fleire timar no for tida, men ting ser ut til å felle på plass.

Ei skallbukse får nye glidelåser, ein form med nøttebarar kjem ut av omnen, me ringes og skypast for å høyre om ditt og datt, og me sjekkar utstyrslistene gong på gong. Er det noko meir reperasjonsutstyr me burde ha med oss? Då går me gjennom på ny: kva kan skje - korleis kan me fikse det - kva treng me for å fikse det? Smørje leathermannen, pakke toalettmappa, ta med nok tanntråd og hugse fluor. Tenkje vekt i alt ein gjer, kvar kan gramma sparast inn? Ta tigerbalsamen, kuldekremen og solkremen over i plastboksar. Reperasjonskit til primusen må vere fullt utstyrt. Har me med alle utskiftbare delar? Repetere brelære og fyrstehjelp...

Marie er like vakker som breen

For å fylle opp fyrstehjelpsposen er Vitus Apotek på Fagernes rause og sponser oss med apotekvarer for eit par tusen kroner! Dette kjem utruleg godt med i planleggingsinnspurten der kontoen vert slakkare og slakkare. I dag har Randi henta ein stor pose med sterile kompress, sportstape, solkrem, smertestillande, gnagsårsokkar, strips og mykje meir som kan lappe oss saman! Reseptbelagde medisiner er også i boks, så no kan me klare oss gjennom litt av kvart.

Au!

Skype-møta går med til gjennomganger av lister, diskusjonar om ekstrautstyr og om kor mange par ekstra vottar me bør ha med. Dobbeltsjekking av kven som tek med kva er viktig. Kven har eit ekstra par solbriller? For det har me bestemt at me skal ta med!

Me er førebudd på dagar som dette, men håpar me også får nokre dagar som dette:


mandag 3. mars 2014

Mat ska'n ha

Me har handla store mengde mat hjå butikkar i Vang og Øystre Slidre, som sponsar oss med ulike summar. Tusen takk til Joker Ryfoss, Spar Beitostølen, Coop Fjellvang, Joker Tyinkrysset, Coop Heggenes og Coop Rogne! 8kg ost frå Beito Ysteri har også kome i hus. Me fekk fire to-kilos ostar av typane stølsost, stølsost lagra, nøkkelost og fjellvill. Det vert gode smakar å ha med på tur.
Frukostane er snart i posar. Ei base av havregryn, müsli, nøtter, smør, mjølkepulver, sukker, kanel vert ein god start på dagen. Energibarar bakar me, blant anna er to store porsjonar snickerskake klare. Alt vert porsjonspakka med påskrive kalorimengd. Her skal me vite kva me får i oss! Lunsjmat skal me blande sjølve, medan det vert frysetørka til middag.

Prosjekt "frukost for ein månad". Me tillet ei brunostskive eller to i frukosten :-)

Etter ein tur i Østerdalen kom Åslaug heim med ein del krydder, te og tørka bær frå Fjellurt, noko som kan høgne smaken på mange måltid, tusen takk! Det er lett å bli lei havregrynsfrukost og frysetørka middag, så krydder er absolutt bra å ha. Tørka blåbær gjer frukostane meir spanande, og tørka tytebær i middagen vert reine luksusmåltidet!

Ikkje Fjordland komle til middag, altså?

Her kjem to oppskrifter på gode turbarar, dei er rike på kaloriar, dei heng saman, og dei smakar godt! Nokon seier sukker er gift, me seier at sukker også er bensin :-)

Snickerskake
- 2,5dl sirup
- 1dl sukker
- 1 glas peanøttsmør
- 1dl kokos
- 1liter corn flakes
- 1ts vaniljesukker
- 100g peanøtter
- 2 plater kokesjokolade og 2ss delfiafeitt til sjokoladelokk

Smelt sirup, sukker og peanøttsmør i ein kjele. Bland inn kokos, corn flakes, vaniljesukker og peanøtter. Brei utover i ei bakepapirkledd form (28x20cm). Set kaldt til det er stivna. Smelt sjokolade saman med delfiafeitt og fordel oppå kaka

Bland - kutt - pakk

Energibar (modifisert etter Trines matblogg)
- 150g smør
- 2ss sirup
- 1/2 dl brunt sukker
- ca 300g (til saman) kruskakli, havregryn og müsli
- 2 egg
- 100g sjokolade
- 150g hakka nøtter, rosiner, tørka frukt e.l.

Smelt smør, sirup og sukker. Bland inn havregrynsblandinga. Rør inn sjokolade og nøtter. Ha til slutt i egga. Steik i bakepapirkledd form (28xcm) på 200grader i om lag 20-25 min. Del opp når dei er heilt kalde. Til no har me laga ein porsjon med sjokolade, hakka mandlar og svisker, og ein med valnøtter. Desse vart veldig gode, og måtte pakkast i ein fei!

Det blir dårleg med ostesmørbrød på denne turen, det tek me att sidan!



onsdag 26. februar 2014

Kaloriar. Kart. Klede. Kompass. KPS. Kortfeller. Kæmpsko. Kamera. Karabinarar.

Dette er nokre av tinga som står på K-lista vår :-)

Gouvza passar på karta på Røros

Det at to gruppemedlemmar bur i Longyearbyen er slett inga ulempe, men at me bur på tre ulike stader gjev oss utfordringar med tanke på dagleg kommuniksjon. Me erfarar at det som regel går superbra med felles facebookgruppe, men med eitt fell noko vekk (til dømes når eit diskusjonsinlegg har 93 kommentarar). Skypemøter er viktige, det er framleis tema som må ferdigdiskuterast. Mykje har vore snakka om, særleg på planleggingsturen vår i romjula, men no må dei siste nyansane fram. I går fekk me bestemt blant anna dette:

- Kva skjer dersom ein av oss vert dårleg, og me ikkje klarar den framdrifta me treng for å rekke til Sørkapp?
- Kva reseptbelagde medisinar skal me ha med?
- Kven skal få dei blå, og kven skal få dei svarte luene frå Aclima?

Slike gnagsår kan stogge turen for den råka

Pakker med utstyr frå Sportsnett, Mammut, Aclima, Helsport og anna småtjafs kjem i rad og rekke til Posten i Longyearbyen. Meir og meir fell på plass. I går var det akkurat ein månad til utkøyringsdato!


søndag 9. februar 2014

Førturstid

No er det om lag ein og ein halv månad til me skal ut på tur, og me planlegg, ordnar, fiksar og trener!

Me minner kvarandre på det eine og det andre, brukar vår private facebookgruppe aktivt og har skype-møter. Marie og Torunn tek hovudansvar for det som er praktisk å ordne på Svalbard, medan Åslaug og Randi sysslar med fastlandsting. Det siste me treng av utstyr må på plass, mat skal handlast inn, skot skal skytast og pulk eller dekk skal trekkast.

Åslaug gjev tommel opp til sponsorane

På sponsorfronten har me fått nokre gode avtaler: Vang Sparebank støttar oss økonomisk, Mammut og Aclima gjev oss utstyr og gode prisar, Helsport låner oss telt og gjev oss gode prisar, Beito Ysteri mettar oss med god ost, rabattar hjå Alfa, og fleire lokale matbutikkar i Vang/Øystre Slidre gjev oss matvarer frå 500 til 1500kr! Desse avtalene betyr utruleg mykje for oss!

Teltet frå Helsport står støtt i vinden

Det nærmar seg med stormsteg, me gledar oss meir og meir. Når me les om oss sjølve i avisa forstår me at det er neimen ikkje lenge til, og FOR ein tur me skal ut på.

På instagram-kontoen vår legg me oftare ut bilete enn her på bloggen, følg oss gjerne: @polarjenter, og på facebook:polarjenter.

Alt for no :-)


Gode turminne frå Børgefjell 2012