mandag 3. mars 2014

Mat ska'n ha

Me har handla store mengde mat hjå butikkar i Vang og Øystre Slidre, som sponsar oss med ulike summar. Tusen takk til Joker Ryfoss, Spar Beitostølen, Coop Fjellvang, Joker Tyinkrysset, Coop Heggenes og Coop Rogne! 8kg ost frå Beito Ysteri har også kome i hus. Me fekk fire to-kilos ostar av typane stølsost, stølsost lagra, nøkkelost og fjellvill. Det vert gode smakar å ha med på tur.
Frukostane er snart i posar. Ei base av havregryn, müsli, nøtter, smør, mjølkepulver, sukker, kanel vert ein god start på dagen. Energibarar bakar me, blant anna er to store porsjonar snickerskake klare. Alt vert porsjonspakka med påskrive kalorimengd. Her skal me vite kva me får i oss! Lunsjmat skal me blande sjølve, medan det vert frysetørka til middag.

Prosjekt "frukost for ein månad". Me tillet ei brunostskive eller to i frukosten :-)

Etter ein tur i Østerdalen kom Åslaug heim med ein del krydder, te og tørka bær frå Fjellurt, noko som kan høgne smaken på mange måltid, tusen takk! Det er lett å bli lei havregrynsfrukost og frysetørka middag, så krydder er absolutt bra å ha. Tørka blåbær gjer frukostane meir spanande, og tørka tytebær i middagen vert reine luksusmåltidet!

Ikkje Fjordland komle til middag, altså?

Her kjem to oppskrifter på gode turbarar, dei er rike på kaloriar, dei heng saman, og dei smakar godt! Nokon seier sukker er gift, me seier at sukker også er bensin :-)

Snickerskake
- 2,5dl sirup
- 1dl sukker
- 1 glas peanøttsmør
- 1dl kokos
- 1liter corn flakes
- 1ts vaniljesukker
- 100g peanøtter
- 2 plater kokesjokolade og 2ss delfiafeitt til sjokoladelokk

Smelt sirup, sukker og peanøttsmør i ein kjele. Bland inn kokos, corn flakes, vaniljesukker og peanøtter. Brei utover i ei bakepapirkledd form (28x20cm). Set kaldt til det er stivna. Smelt sjokolade saman med delfiafeitt og fordel oppå kaka

Bland - kutt - pakk

Energibar (modifisert etter Trines matblogg)
- 150g smør
- 2ss sirup
- 1/2 dl brunt sukker
- ca 300g (til saman) kruskakli, havregryn og müsli
- 2 egg
- 100g sjokolade
- 150g hakka nøtter, rosiner, tørka frukt e.l.

Smelt smør, sirup og sukker. Bland inn havregrynsblandinga. Rør inn sjokolade og nøtter. Ha til slutt i egga. Steik i bakepapirkledd form (28xcm) på 200grader i om lag 20-25 min. Del opp når dei er heilt kalde. Til no har me laga ein porsjon med sjokolade, hakka mandlar og svisker, og ein med valnøtter. Desse vart veldig gode, og måtte pakkast i ein fei!

Det blir dårleg med ostesmørbrød på denne turen, det tek me att sidan!



2 kommentarer:

  1. Kaka såg bra ut!
    Trur den er hakke meir spekka enn den eg har laga tidlegare til ymse komfirmasjonar, so this is up for a try ;)

    SvarSlett
  2. Den er bra spekka den der, ja! Og ta i akkurat det du likar, litt andre nøtter for eksempel... Nokon syns den mettar meir med litt havregryn i, men det blir fort mykje havregryn :-) Try it, gudd løkk, and enjoy! :-) -R

    SvarSlett