Rute

Ruta vår


Turen frå Verlegenhuken til Sørneset endra seg radikalt då Nathorstbreen på den sørlige delen av øya surga, og påverka store delar av bresystemet i sør. Heldigvis for oss er det flotte folk ved UNIS som jobbar med desse områda, og deler informasjon om korleis høva er.  

Me er godt nøgde med rutevalet, og ville ikkje gjort noko annleis! Det var spanande å velje ei rute på veg sørover som ikkje var gått før under dei noverande bretilhøva.

Vinteren 2014 var det ikkje sjøisforhold til å følgje austkysten. Likevel var rutevalet vårt oppå breane eit medvite val med tanke på å unngå å oppsøke bjørn midt i etegildet på nyfødd sel i april. Me har erfaringar til å ta gode avgjerdsler angåande breferdsel, og ville nytte oss av desse. Etter åtte paddeflate, forblåste kilometer på sjøis i Rindersbukta, var me òg glade for at det ikkje var fleire slike strekker. Det viste seg at me likte variasjon best.

Å ta ei anna rute nordover att frå Sørneset var godt for motivasjonen. Ikkje minst fekk me hakeslepp av dei mektige, vakre fjella på sør-vest Spitsbergen, og den store, surgande Nathorstbreen. Makan til øy!

Under oversiktsbiletet kjem ei forklaring av ruta for den interesserte.


Til dei som tenkjer å gå denne fantastiske turen sjølv: her kjem våre data, planar og tankar undervegs. God tur!

Turdetaljar:
Varigheit: 34 dagar
Distanse: 67 mil på kartet + 10% terrengtillegg
Merknad: Me har ikkje tracka ruta på GPS sidan det tek mykje batteri, og har difor ikkje den eksakte distansa.
Skidagar: 28
Kviledagar: 2
Vêrfastdagar: 4
Lengste dag: 3 mil
Gjennomsnitleg dag: 2,2 mil
Kortaste dag: 0,8 mil

Kjelder: forskarar ved  UNIS, bregruppa i LRKH, Sysselmannen, satelittbilete frå sommar 2013: Norsk Polarinstitutt (velg satelittbilder i boksen til venstre). Tusen hjarteleg takk for all hjelp og god informasjon!

Ta gjerne opp toposvalbard.npolar.no i eigen nettlesar, der du kan zoome betre inn og følge ruta undervegs.


Me starta på Verlegenhukflya, og valde å gå opp på Åsgårdfonna via Dunerbreen. Dette til fordel for Mosseldalen, der oppstiginga er meir utsett for trekteffekt ved sterke vindar, og er brattare. Depot 1 plasserte me nord på Åsgårdfonna under utkøyring. Frå depot brukte me tre dagar over fonna og ned til Veteranbreen via Trinity Hallbreen. Veteranbreen har ei jamn slak stigning. Etter to flotte dagar på Veteranen var me framme ved Stuttbreen, som munner ut i nordenden av Lomonosovfonna. Ruta vår går lenger vest for Newtontoppen enn normalruta på scooter. Her var det mindre folk (mykje folk til Newtontoppen rundt påska), og fantastisk utsikt inn i starten av Atomfjella ned Harkerbreen. Me hadde leir sør for Jupiterfjellet, før me gjekk heilt aust på Sentralisen over på fonna. Her gjekk me austom høgd 1245, men hadde me gått igjen hadde me gått vestom 1245 og helde høgda jamnare (jamføre "bulken" i ruta mellom camp 8 og 9).


Lomonosovfonna brukte me to dagar å krysse. Me kom til Philipbreen og kunne sjå ned i Tempelfjorden. Opp Maritbreen og ned Rabotbreen. Me fekk utkøyrt depot 2 dag 15, og hadde dermed bålkos, øl og besøk nederst i Fulmardalen like før Marmorbreen. Kviledag dagen derpå.

Første etappe etter kviledag gjekk over Jøkulvatnet og gjennom dei to morenene før Aghardbukta. Inn Bellsunddalen (første brøyteetappe i laussnø!) og opp på Passbreen. Me fekk gode tips i forkant om ikkje å velgje Sir Martindalen, sjølv om den ser mest logisk ut på kartet for å komme inn i Kjellstrømdalen. Der er bratt og gale. Me kom fint ut i Kjellstrømdalen ned Søre Bellsundpasset frå Passbreen. Kjellstrømdalen var lang, og krevde ein leirplass, før me runda Ottoneset og gjekk inn sjøisen i Rindersbukta mot Paulabreen med innsteg på austsida. 

No byrja den delen me var spente på. Etter møte om breane på Sør-Spitsbergen i bregruppa i Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps, kom Torunn heim med eit kart fullt av raude riss som tydde sprekkdanning/kollaps/surge osb. på store delar av dei sørlege karta. Me gjekk av Paulabreen mellom Kjølhø og Skagsnipa og første crux på kartet befalte oss å halde tett innmed Stamnen. Me var glade me kom ned i strålande solskinn, og fekk sjå den enorme brekollapsen ligge i ei gryte vestom Skagsmulen. Deretter venta Strongbreen, Nuddbreen og passet mellom Nudden og Nubben. Sjølve passet såg loddrett og konvekst ut på nært hold, men god snø og ei lang traversering gjorde at det gjekk fint opp utan å gå i taulag. 

                           

Sørover frå passet gjekk me om Krøkjebreen og kjapt nedom Emiljanovbreen før me gjekk sørover og ned på Iskollbreen mot Skimebreen. I passet før Iskollbreen var einaste gong me valde å ta på sele og klargjere taulagsutstyr, då me såg antydning til forsenkingar (mistanke om sprekker) i snødekket, og ikkje hadde klart utsyn over kanten. Ingen innbinding var naudsynt då det viste seg ei fin sørleg rute ned passet. No venta ei dagsetappe som på kartet og etter info skulle være det mest interessante og uvisse på sørruta, den myteomspunne Davisbreen; morene, smeltevasskanal som nett hadde stoppa scooterkøyring, eit pass ingen har gått opp på ski før med styggeleg tette høgdekotar, og dette utmed kystlina (det vil seie bjørn). Me var spente.

Etter Skimebreen runda me morena austom Ommaneyfjellet. Der hadde me fått track på GPS frå scooterturen til dei polske forskarane på veg til stasjonen i Hornsund i 2012 til å vise veg. Morena viste seg å vere uproblematisk, men det var lurt å gå rett ned på iskanten langs bukta når ein kom rundt, elles hamnar ein brått i den skrå fjellsida. Smeltevasskanalen viste seg aldri, sjølv om den hadde stoppa ein scooterdelegasjon tre veker tidlegare. Blåst att? Etter å ha kryssa Davisbreen gjekk me opp det namnlause passet sørom Fallberget, mellom høgdene 582 og 624. Me trur fortsatt me er først til å ha gått først på ski opp passet (ei gruppe var nå rett bak oss), men det gjekk i alle fall utan problem. Isbroddbreen og Flatbreen gjekk fint då me hadde god sikt. Enkelte sprekkdanningar såg me langs nordvestlina på Isbroddbreen, og heldt etterkvart sørvestleg mot Sagkrakken.


Då me nådde 250-kota mellom Isingfjellet og Stolovafjellet nordom Hambergbukta hadde me ei klar line: slå leir der, eller på Sykorabreen ei mil lengre sør, men ingen plass i mellom. Det er store sprekkdanningar både i Hornbreen i vest og Hambergbreen i aust, som gjer at du skal halde deg fint i midten. Passasjen over til Sykorabreen smalnar også til, og kanskje er heile Sydspissen ei eiga øy om nokre år? Vidare gjekk me Hedgehogfonna, Skilfonna, Evapasset, nordom Einasmnuten og over Mariepasset (Marie var nøgd). Deretter nordom høgd 408 og var innom Fredfonna før me gjekk opp Isryggpasset til Austjøkulen. Her fulgte me breen i sørleg retning forbi Isbukta og over på Sørkappfonna. På toppen av Mathiasbreen lot me telta stå og gjekk med dagstursekkar til Sørneset. Så var det berre å snu.



Me hadde mål om å ha ein fin tur over Spitsbergen, og var alle motivert av å sjå mykje ny og fin natur. Me valde difor to ulike ruter inn og ut av Sør-Spitsbergen nasjonalpark. Då me hadde passert Hambergbukta nordover att, svinga me vestover nordom Isingfjellet, mellom høgdene 587 og 537. Kvite forhold gav oss nokre overraskingar med smeltevasskanal og sprekker i det fjerne, men ingen store system. Ned Grimfjellbreen, over Storbreen og opp Somovbreen. På toppen av Somov vart me lønna med fantastisk utsyn over Perlebandet og Ismøya. Sørom Fonnryggen gjekk det ein smeltevasskanal, men denne var grei å krysse nærare Mühlbacherbreen som me fulgte nordvestover.

Aust for Aulrabben i overgangen til Nornebreen var det stans. Nornebreen mellom Kopernikusfjellet og Halenuten har sprekkdanningar som gjorde at me tok omvegen sørom Dusken (omvegen før camp 25). Me måtte likevel runde nordom eit sprekkområde nord- og vestom Aulrabben først. Me gjekk nordover att i det namnlause passet mellom Blåstertoppen og Dusken, som no ber namnet Polarjentepasset. Deretter gjekk me over Løveisen og ut på Amundsenisen nordaust for Løvetanna.

Frå toppen av Nuppasset var det 700 gode høgdemeter forma som nedoverbakke (for nokre telemarksvingar!) ned til Van Keulenfjorden som skulle kryssast. Sjølv om det var gode sjøisforhold nokre veker før, var det no så vidt nokre gode meter for oss heilt innmed Nathortsbrekanten på det smalaste. Gode forhold på sørsida, men midtfjords var det lite og her måtte me heilt oppi breen. Denne er såpass deformert etter rask rørsle over kort tid, at den ligg som knuste isbitar heller enn ein kalvande brekant, og er difor mogleg å gå tett på. God tjukkleik på sjøisen gjorde at det gjekk fint å gå tett på sjøkanten òg. Noko overvatn var å vente. Me vart henta på nordsida av Van Keulen neste morgon, og eventyret var så over.

God tur om du skal ut sjølv!


Planen


Planen er å gå frå Verlegenhuken i nord, til Sørkapp i sør, og nokre mil nordover att (ut av nasjonalparken). Dette er om lag 70 mil, me planlegg å bruke om lag 33 dagar.

Her er hovudruta og alternativ rute teikna inn slik vi ser den for oss no:



Raud strek er rute A, dei grøne tilskota er B-ruter. Me ynskjer som de ser å gå fonna i nord og breane mot vest i sør. Men alternative ruter og avgjere basert på gjeldande tilhøve er naudsynt. Det blir spanande å sjå det faktiske trakket me har sett på spitsbergsk jord når turen er over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar