Sponsorar

Utan sponsorar ville turen vorte vanskeleg å gjennomføre.
Tusen takk til alle som bidreg, de betyr meir enn de anar!

Vang Sparebank, banken over alle bankar, bidreg med økonomisk stønad. Dei er også på facebook.












For tryggare breferdsel bidreg Mammut blant anna med tau, selar og ansiksmasker, hurra!



Aclima sponsar oss med ullnetting, BHar, ulljakker og luer, og gjev oss gode prisar på andre produkt. Ull er gull!



Ost frå Beito Ysteri er ei smaksoppleving! Osten kjem til å berike både smakslaukar, snackeposar, middagar, magar og kaffi.

Åslaug var på skitur i Tolga og fekk med seg ein ein stor pose krydder frå Gunnhid i Fjellurt. Dette kjem til å gjere maten vår ekstra god!

Vitus Apotek på Fagernes var utruleg hjelpsame og sponsa oss med ein stor pose fyrstehjelpsutstyr. No kan me reparere litt av kvar på kroppane våre. Tusen takk!


Satelittelefon leier me hjå St-utleie.no, der me fekk veldig god pris på leieavtale!


Me treng mykje mat, og får handle hjå:

Joker Ryfoss for 1500kr

Coop Fjellvang for 1000kr

Spar Beitostølen for 1000kr

Joker Tyinkrysset for 500kr

Coop Heggenes for 500kr

Coop Marked Rogne for 350kr




Me er heldige å få låne telt av Helsport, og får gode prisar på andre produkt. Me går for to stk av Fjellheimen ekstreme, eit telt Åslaug og Randi hadde særs gode erfaringar med vinteren 2012 då dei gjekk frå Lindesnes til Nordkapp.



Nye, varmare skisko måtte til, og våre erfaringar tilseier at Alfa er optimale valet. Me fekk gode prisar på skisko, og handla!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar