fredag 6. mars 2015

Sørneset. Dag 28

Tysdag 22.april 2014 hadde mange sin fyrste dag på jobb etter påskeferien. Me sto på sørspissen av Spitsbergen og jubla.

Då me vakna på Mathiasbreen, var det fleire tankar i hovudet. Dersom vêret såg lovande ut, hadde me lova oss sjølve å la leiren stå att oppe på Mathiasbreen, og suse ned til Sørneset med berre ryggsekken. Når morgonen røyner, er vêret slik midt i mellom. Hm. Å forlate telt og utstyr, som betyr livet, på ei svær fonn i white out og lett snødrev har ei psykisk høg spenningskurve. Er det for nære sjøisen? Bjørn? Vind? Vêr? GPS-batteri til returen? Me vel å våge oss.
Nansenkjensla. No skjer det.
Der nede ein stad er Sørneset og havet.
hoho, utan pulk, berre Helsport Snota!
Ned ei fin bretunge, og så nokre beinflate kilometer utover flya. Mot neset skal vi. I morena nedom breen, medan me speider etter bjørn, ser me noko anna: det blenkjer i havet. Så vart det brått litt rusk i augekrokar og froskar i halsen. Dette har me jobba for!


Når me endeleg er på ytste tuppen og ser ned på tangvasane og sjøfuglane, er det berre å le. Le, fordi sola finn vegen, og me vert sitjande i fire (4!) timar og berre skode sørover i ein lun levegg. "Nordkapp er nedi der", seier me. For 27 dagar sidan stod me vendt andre vegen, "Nordpolen er oppi der", sa me.



Så må gruppebilde takast, aprikosvodkaen sprettast i lommepokalen og hubba bubbaen blåsast opp. Hubba bubba trekt heilt frå Verlegenhuken. Den var utmerka kald og seig.


Heldigvis er ikkje dette slutten på turen. Hadde det kome snøscooterar hit og plukka oss med seg til Longyearbyen hadde me fått øyresus i heile kroppen. Takk og lov for nasjonalparkgrensene. Takk og lov for seks dagar til på tur.

Heimatt til teltet!
Oppatt, men på nye vegar likevel. Mot vest, mot Van Keulen fjorden!

P.S. videon av vodkafeiringa ligg på facebooksida vår :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar