tirsdag 23. september 2014

Davisbreen - Sørneset. Dag 23 - 27

På toppen av Davispasset et me rett ut litt spekeskinke, ein kan ikkje anna enn å feire ei slik morgonøkt. Me luktar nærmeleg Sørneset der me står og riv av langfellene etter morgonmotbakken, den siste på ei stund. No er det flatere tider i møte! Om 4 dagar er vi der.
 
Berre litt til, Randi! Kald nase då berre. 
Fellene av, flatt og glatt! 
Flatbreen er flat viser det seg. Ein lang strek teikner seg bak pulkane våre, og etterkvart bak pulkane til lag Andersen. Så byter me på å brøyte den lange flate breen.

Den folkerike Flatbreen og brøytetoget
Saltvatnet i Hornsund og i Hambergbukta ligg og kikar på kvarandre på kvar si side av breen som held Spitsbergen saman i sør. Kvar dag et dei seg stille inn i Hambergbreen/Hornbreen frå kvar sin kant. Me som kjem tuslande inn i desse eroderande formasjonane, kan berre å snike oss over der breen er på sitt breiaste, vekk frå dei loddrette, oppsprukne kantane med sjøskvulp på. Me kjem i desse traktene utpå ettermiddagen og må ta eit val: Leir no eller om tre timar når me har forsert området? Så vart det om tre timar. Det er berre å tvære ut siste krefter, lunte og gå. Siste timen går me side om side med Andersen og følge. Det er moro med nye samtalar!

Kveldsøkt på isen

Laurdag: Kviledag igjen (gjer me anna? neidå, det er berre nr.2) og påskeaften! Andersen sine soldatar kastar sjokolade etter oss att og påska er vel ikkje så aller verst i år heller.

Ein klem frå Randi si syster Anna heng på teltduken. God påske!
Sykorabreen sit godt i minnet. Den såg så flat og snill ut. Men flatt lys, tunge kvilebein og nokre snikhøgdekotar gjer at den er så seig så seig. Det flate lyset held seg resten av denne dagen, Me snublar over ein smeltevasskanal under Einsamnuten, rauser ned Mariepasset og går nesten i ei ny kantfelle ved Fredfonna. Opp endå eit pass og nedover Austjøkulen i eit fuktig snøkav. For ein dag! Den er tvert slutt ved rette klokkeslettet, men me er nøgd med distansa. Ved leirslaging dreg vinden til, og brått styrtrullar ein arctic bedding med sovepose, liggeunderlag og verneverdig dopapir inni bortover breen i eit saftig vindkast. Hallo der! Den vert fanga slik ein ville tatt ein sprelsk krokodille. Nok no.

Ein kvit kvit dag
Eit pass her og eit der
                              Ikkje det første passet den dagen, men heldigvis det siste.                              
Lunefulle Spitsbergen
Morgonen byr på andre bakverk. Det viser seg skjemmeleg fint ved Isbukta, der soveposen fekk seg ein luftetur kvelden før. Her ligg Haitanna og Kronglebreen, ein kan berre tenkje seg formasjonane! Det indre auget knipsar vilt, og ein håpar berre at bileta fortsatt festar seg. At ein ikkje har vorte blasert på dei siste 3-4 vekene. "La meg hugse dette!", står det i dagboka. Gjer heldigvis det.

Haitanna
Så baksar været seg til igjen over Sørkappfonna. Vêret i sør er lunefullt. Me legg oss ende ned ved dagslutt og håpar på det beste.

Ikkje alle lunsjpausar var like lange.

Og ved gud, dagen etter byr på havutsikt. Det er havet i sør.

Havet.


Det å nå eit delmål som Sørneset er av slik ein storleik, at det må kome i neste innlegg. FOR ei oppleving.
P.S. Hugs at du fortsatt kan trykke på bileta og få dei i stort format :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar