mandag 15. september 2014

Kvalvågen - Davisbreen. Dag 20 - 23


I Kvalvågen kjenner Åslaug eit trykk i kneet, er det no det skjer? Risikoanalysa for ein slik tur er eviglang. At ingen av dei mange scenario me er førebudd på skal inntreffe og endre planane våre, kjennes tilsvarande oddsa for eit korthus i kuling. Gleda over at denne gjekk over fort var stor. Mot sør med oss!

Åslaug er ikkje den som ynkar seg! Aldri ei negativ note frå denne kanten.
Frå Kvalvågen går me rett inn i passet mellom Nubben og Nudden. Det ser stygt og bratt ut, men jaggu går det bra. Andersen frå Spitra legg eit spor me nyttar oss av, og etter ei laaaang og tung forsering står me på toppen og skodar utover. Hurra! Det er første gong det går an å sjå langt sørover og tenkje: der nede blant fjella ein stad...

Det er nok berre å akspetere at brattleik sjelden viser att i bileta.
Randi ligg bak med tungpulken og eine bikkja opp bakken

Etter ei lang finværsperiode rynkar me litt på nasen når me vaknar til snødrev på Krøkjebreen, men det er ikkje verre heller. Me legg difor i veg som rutinene tilseier. Inni snøkavet finn me leiren til dei andre, som har bestemt seg for å vente han av. Me prøvar eit stykke likevel (har då vore med på verre der nord), men finn ut at det bølgete landskapet, motvinden, snødrevet og brøytinga set framdrifta i minus. Me legg oss ned slik fjellvettreglene tilseier og får ein salig lunsjblund på auga, før sola atter skin. Så vart draumen om å vandre i berre BHen endeleg oppfylt! Flettene løysast opp, og kråkereira på hovuda våre flaksar fritt.

Framdriften uteblir, opp med teltet!

To timar seinare.. Dag 22, flettene er ute for fyrste gong

Så er den her! Den store Davisdagen, den me har tenkt aller mest på av alle dagsetappane. Korleis vil stoda være 10 timar frå no? Vil me måtte snu? Møte bjørn? Stå i botn av ein smeltevasskanal og dra pulkane opp med taljesystem? Me startar med å ta oss ned Isbroddpasset medan vinden sender snøføyka rundt øyrene våre. For første gong vurderar me selane på og breutstyret lett tilgjengeleg. Me har ikkje god sikt over kanten, og ser antydning til forseinkingar i snødekket. Det viser seg derimot heilt uproblematisk å leggje seg litt sørover, og me får segle fint nedover mot Skimebreen. Utsynet mot havet og den vanvittige snøtransporten er vilt.

Ned Skimebreen, me rundar neset i enden.
Godt med snødrev i lufts
Morener er uoversiktlige småknauslandskap med mykje baksing. At dagens morene er ved sjøkanten kan også tyde isbjørn rundt neste sving. Så viser den seg lett å forsere, og ein liten hurralunsj må til. Så langt er det bra! Så var det nå denne smeltevasskanalen me skal over, og dette passet me skal opp.. spenninga er fortsatt tilstades i aller høgste grad.

Godis er god lunsj!
Me er ved godt mot halvvegs i ein spanande dag
Davisbreen midt i mot.
Smeltevasskanalen er borte! Forsåvidt skjønar me det, vinden tek godt her på øya, den har rett og slett blese att. På andre sida av Davisen slår me leir, dagen lakkar og lir og vinden er sterk nok til at me ikkje har lyst opp eit ukjend brepass. Me er alle fire om å sette opp eitt telt om gongen, og det er nesten så det vil ise seg til heilt inne på augelinsene. Men telta står godt i vinden, så me får ei god natts søvn likevel.

Nok ein runde med god føyk
 Dette berykta passet som ser tullete bratt ut på kartet, viste seg å være ganske så greitt med litt muskelbruk og god sikt dagen etter. Ei fin og spanande rute dette! Det største cruxet er gjennomprøvd og overstått, Sørneset neste!

På toppen av passet! No er det raka vegen

Hugs å trykke på bileta er du grei! Me tek oss best i storformatet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar