mandag 8. september 2014

Fulmardalen - Kvalvågen. Dag 15 - 19

Orkar ikkje lengre stå i mot når Loki skal ha pauserulla si. På tide med kvile! 
Kviledag var godt! Me sov til kl 13, døsa heile dagen, og åt ein fantastisk middag frå Ingeborg, med nydeleg snickerskake til dessert. Dagen gjekk alt for fort. Brått var det kveld, og pakking av pulkar med mykje nytt å organisere.

Du deilige kviledag! 
Men etter depot: tyngre pulk, mindre drahjelp i front
På veg ut mot Aghardbukta møter me to frå Polarinstituttet på skuter, og får høyre om ein hissig isbjørn som nett har teke eit telt i Aghard. Her nærmar me oss Aghard på ski, og sikta vert gradvis dårlegare....hm. Heldigvis skal me ikkje heilt ut til strandkanten, men snik oss oppatt mot Passbreen som er vegen vår over til Kjellstrømdalen. Rifla er på ryggen, me traskar jamt og trutt gjennom morenene og over deltaet. Ingen sint bjørn i sikte, heldigvis. Leir oppe på Passbreen, der me krangla litt med elveleiet og morenene før me fann ein fin veg opp på breen. Sikt er flott - tåke er trått.

Rifle og sjokolade, me er klare for bjørn
Vegen til Kjellstrømdalen går gjennom Søre Bellsundpasset. Der kjem me over leirrestar og skispor. Kven er det som vandrar på vår veg? Nede i Kjellstrømdalen ligg ei hytte velta over på sida. Like greit at døra er gøymt, me har ikkje vore innomhus så langt, og har ikkje behov for det enda. Kjellstrømdalen er lang og flat, og byr på sol og godt føre. Frå campen ser me gruvesamfunet Svea.

Det var ikkje oss!

Kjellstrømdalen
Neste dag kryssar me Braganzavågen og svingar inn Rindersbukta. Den er også lang og flat. Lysta på å krysse innlandsisen på Grønland forsvinn. Me likar fjella, bakkane, dei flate strekkene. Den vanvittige variasjonen i terrenget på Spitsbergen gjer kvar dag spanande. I dag har me oppdaga dei som vandra i vår veg. Det ligg ei gruppe nokre timar framfor oss. I kveld slår me leir berre nokre 100 meter frå kvarandre på Paulabreen, men ein liten bakketopp gjer at me korkje ser eller høyrer kvarandre. Morgonen etter får me omsider helse på. Det er ei gruppe frå Spitsbergen Travel, som gjekk frå Rabotbreen og nord til Polheim i fjor vinter, og går frå Rabotbreen og sørover i år. Guiden deira er Mr. S. Andersen, Marie sin tidlegare lærar på Arctic Nature Guide, og Torunn kjenner han frå Bregruppa. Det vert mange hyggelege møte med denne gruppa. Grunna tungt føre brøytar me tilfeldigvis vekselsvis. Ofte får me sjokolade. Nokre gonger fekk me til og med spekeskinke, brunost, kjeks og Anton Berg nougat. Gleda over å ikkje gå unsupported aukar!

Sjokoladetilskudd! Ein av mange i rekka. Takk :D
På toppen av Paulabreen gir soldagen avkasting i ei heidundrande fin utsikt. Framfor oss ligg ein nedoverbakke (!), ein brekollaps, brekanten ut i Kvalvågen og sjølvsagt dei evinnelege snødekka fjell og brear. Me er inne i den tredje veka med fjell og atter fjell, snø og ski kvar dag, og det byrjar å sige inn kva me er så heldige å få drive på med. For eit vanvittig glupt innfall det var å sette av tid og pengar til nettopp dette. Mange har lura på både vett og forstand når me planlegg telttur i isbjørnland, men her fins ikkje tvil om at dette er plassen å vere. Me kan gjenta i det uendelege; for ei øy!

Oppover Paulabreen
Oppe, og det går nedover! Mot Kvalvågen og sola
Lunsj ved kollapsen i bunn. Og fotografen er ikkje oss sjølve! Triveleg med selskap i løypene
Ikkje minst er me no over på Austkysten, og snart i gang med den spanande delen av ruta. No går det fort sørover, men vil me verte hindra av bratte pass, bresprekker, smeltevasskanalar eller bjørn framover? På dette tidspunktet var me mektig spente på fortsettinga.

P.S. Hugs at du kan trykke på bileta og få bileteserien i stort format :).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar