onsdag 25. mars 2015

Frå Sørneset og heim, dag 29 - 35

I starten går det trått nordover. Pulkvelt og white out. Også nordover da, det var då heilt feil? Det vart tatt lite bilete av desse første dagane på returen. Men kjensla var der. Seig materie. Heilt til verda opna seg, og me vandrar rundt i det finske flagget att.
 Rett nordom Hornsund dreier me vestover, me vil ha nye ruter og nye utsikter! Då me kjem innunder favna til Perlebandet lettar vêret, heldigvis. Ikkje berre fordi det er fint med sol, men det er lettare å sjå bresprekker òg. Me må på ein omtur for å unngå nokre store slike, men ender berre med å namngje omvegen Polarjentepasset, så me er nøgde. 
 
Ismøya i bakgrunnen, her startar Perlebandet, ei magisk tinderekke
Også kjent som lakrisbiletet. Ingen av dei andre veit at Randi nettopp gav Marie to lakrisbitar fordi ho var sliten. Dei andre to fekk berre èin kvar. Den magiske biten vert stolt portrettert i hemmelegheit i ein svart hanske i miden av biletet. Så veit dykk det Torunn og Åslaug!
Disco i teltet den siste laurdagen. Luene kjem av, men må fort på att.

Så var det den dagen me nesten skulle hugse best, gå ut med eit smell og slikt. Kort oppsummert var fjordisen fraværande på siste turdag, og tvinga oss inn mot brekanten. Der luska me rundt på overvatn og sprekker, snubla på binne med to ungar og krongla oss vidare. Ingen dramatikk anna enn intens spenning, for ein dag! 
Det er tre bjørnar rundt hjørnet, men me er foreløpig uvitande.
Binna i isen
Torunn fann vegen i labyrinten. Bjørnen først, nærkontakt med breen etterpå. Ligg det fleire her? 
Nærkontakt med havet på venstresida samstundes.
P.S. Videoen av bjørnemøtet finn du på facebook sida vår facebook.com/polarjenter

 Så set me opp siste leir. Kikkar på kvarandre og tenkjer kva no? Berre å vente. Innan kvelden er omme et me biff, brukar oppvarma vassklossettseter og ligg i ei seng. Er me klare for slikt?
Panikk i rekkene. Loki og Marie skodar mot det me trur kan vere scooterane som tek oss til Longyearbyen. Er det verkeleg over no? 
Hentepatruljen kom med gaver, då gjekk det betre
Me står i tunet utenfor blokka i Longyearbyen att, og Torunn går innomhus for å ringje hundeeigarane. Me stirrar på ho gjennom vindauga. Er du innandørs?!! Me gauler og ler og hakkar på glaset som frå ei anna verd. Etter fem minutt er alt ved det gamle, og innandørsvarme er atter ei sjølvsagt greie.

Kva er det beste med ein slik tur? Dei store naturopplevingane? Går me ut for å verdsetje å vere svoltne og slitne og jobbe for føden, eller for å verdsetje vatn rett frå krana når me er tilbake? Ikkje godt å seie, men me satte pris på det som var i alle fall. Takk for oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar