onsdag 30. april 2014

Voi Voi - for ein tur!

No har me sett havet både i nord, sør, aust og vest, og er attende i Longyearbyen etter ein fantastisk skitur over Spitsbergen.

 

 

I går vart me henta på nordsida av Van Keulen-fjorden, 34 dagar etter me vart sett av på Verlegenhuken.

Kontrasten frå telt, ski, primus og talkum-føter til dusj, kaffimaskin, pizza på Kroa og pils på KB er stor. Det har ikkje heilt gått opp for oss kva me har vore ute på.

Det kjem lengre skildringar frå turen, men det treng me litt meir tid på. Her kjem eit kort samandrag.

26. mars starta me frå Verlegenhuken i strålande sol, på godt føre. Me gjekk austsida av Verlegenhuken, mot Dünerbreen og Åsgårdfonna. I klarveret fekk me sjå Nordaustlandet ute i havet!

På Verlegenhuken

Veret skiftar fort, og frå å vurdere BH gjekk det om lag ein halv time til me måtte setje opp telt på grunn av sterk vind og snøføyk. Der vart me liggjande verfaste i fire dagar. Dette var etter to og ein halv skidag, Sørneset virka utruleg lang unna desse dagane. 1. april løya det såpass at me fortsette over Åsgardfonna. Det vart kalde dagar med vind, lite sikt, mykje kompasskurs og mykje roping av "høgre" eller "venstre". Når me omsider kom oss ned Trinity Hallbreen og ned på Veteranbreen roa veret seg mykje, sikta og fjella kom fram, og den kanskje mest utfordrande delen av turen låg bak oss.

Verfast

Hurra, me fann depot 1

På Veteranbreen vart det annleise dagar! Me fekk sol og klarver, det var fjell på alle kantar, kompasset kunne liggje i lomma og lunsjpausene vart lengre. Sola varmar meir for kvar dag som går, snart er det lyst heile døgeret.

Sållll

Klarveret fortsette over Lomonosovfonna, og med klarveret fulgte låge temperaturar. Kor kaldt me har hatt det er ikkje godt å seie, sidan termometeret vårt knuste fyrste dagen. Me kunne stille nåla dit me ville, så ifølgje termometeret har me hatt alt frå 50+ til 50-.

I Fullmardalen fekk me depot og besøk frå Longyearbyen. Fantastiske Mats pakka sleden med det me hadde lagt klart, og ordna med fleire ting me trengte for å fortsetje turen litt meir komfortabelt. Ved og pils hadde han også pakka med, det var ein kjempetriveleg kveld rundt bålet. Tusen takk for besøket til Mats, Ingeborg, Stig Ove, Maja og Kristine! Dagen etter tok me oss ein velfortent kviledag, og åt heimelaga storfegryte, rotmos og snickerskake frå Ingeborg. Tusen takk!

Sørover valde me å gå ei austleg rute, om Kvalvågen og Davisbreen. Ei ny og spanande rute me har fått til gjennom gode innspel fra Anne, som har imponerande oversikt over breane i sør. Denne kjem me tilbake til!

Me nådde Sørneset dag 28 av turen, ein stasdag med sol og måkeskrik.

Sørneset

Nordover (ut frå nasjonalparken) gjekk me til Van Keulen, og vart litt småstressa når me såg kor lite is som låg i fjorden. Me fulgte eit skuterspor, som fleire gonger gjekk rett ut i vatnet. Heldigvis var det ein liten iskant heilt inne ved Nathorstbreen, som me smaug oss gjennom på. Siste dag på tur vart den fyrste dagen me såg isbjørn. Ei binne med to ungar låg inne i breisen. Ho låg stille og fint, og virka mett og god. Det var ein del sel i fjorden.

Den 29. april vart me henta på Sysselmannsbreen. Eit gledeleg gjensyn med bobler og heimelaga kanelboller. Plutseleg var det over.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar