mandag 9. juni 2014

Veteranbreen - Fulmardalen. Dag 10 - 15

"Æ elske den forblåste plassen her
der vinna'n ikkje hindres ut av trær"


Med Hekla Stålstrengar sin treffande tekst startar me vandringa på Veteranbreen. Fram til no har det vore strabasiøst, kaldt og mykje vind. Alle gjeremål måtte utførast fort og nøysamt for å ikkje bli for kald eller miste noko i uveret. No kom sola! Ei lang slak bre ligg framføre oss, fjella reiser seg høge og vakre på båe sider, føret er hardt og fint og kompasset kan ligge i lomma!

Fyrste morgon på Veteranbreen brukar me lang tid i finveret på å organisere alt utstyr etter stormen, fjerne snø som har festa seg overalt, spikke is frå glidelåsen, lufte håret, ta seg god tid på do, nyte sola og pakke pulkane fint att. Mot lunsj humpar og går det på ei seng av sastrugi, men det er berre kjærkomment slit. Endeleg har me lattermilde lunsjar i sola som dreg ut, berre fordi me kan.

Randi pusser, feier og spikker. Jakka tok 45 min.
 
Ingenting som ein lang god lunsj med gode vener

Det vert sjølvsagt kaldare no når høgtrykket har nådd oss, og dei kollapsa dunposane får litt å bryne seg på. Heldigvis har me både dunjakker, balaclava, fiberbukser og varmeflasker med både ein og to oppvarmingar i løpet av natta til hjelp. Primusen er like uvillig, og me vert godt kjend med dens indre etter å plukke, rense og varme dei minste detaljar på jakt etter løysingar. (Når me seinare vert henta ved Van Keulen av sjefen sjøl Jens Abild, kjem han med forklaringa; Det er kondens som frys i slangen på desse modellane. Så veit me det.)

Full fyr i teltet, kaldt ute

Me svingar ikkje innom den berømmelege Newtontoppen på ruta vår, men turar rett fram på kartet. Her er litt opp og ned, men vanvittig vakkert. Å skue innover mot Atomfjellas indre alpine hjarte er stor stas, og me vert litt stumme. Slik kan det også vere på tur. Så knekk ei pulkbeltespenne og ei fell ryk av når dagen er på hell, men med slike utsyn og ein hund som dreg for livet berre du ropar "ost" går det greit i bakkane opp mot Lomonosovfonna likevel.
Torunn og vegen inn til Atomfjella.
Litt pleie, og innimellom, litt ost

Etter ein god nedover, kjem nok ein god oppover
Morgonen me startar på fonna bles det godt. "Er alle fonner like? Byrjar å skjøne korleis fonner vert til", står det i dagboka. Men det løyer, og me får ein berre-trøye-dag med utsikt du berre finn i dei beste polardraumane dine. At nattetemperaturen går godt nedom -30*C tåler me når me er mutters aleine på den store breen med midnattssola. At riflene ikkje likar kulda så godt er verre, og det vert litt pussing og sussing på desse i teltet før me kan ta på vegen att.

Lomonosovfonna kl.23.30
Riflene treng pleie
Så kjem det store; folk!! Ei rar kvit stripe med føyk kjem hurtig mot oss, det er hentemannskap frå Spitsbergen Travel som skal eit hakk lengre nord og plukke opp folk. Allereie til kvelden er me nede ved Tempelfjorden, og folk som køyrer forbi stoppar ikkje lengre i stuss over fantefølgjet på ski. Me nærmar oss befolka område såpass at det er heit vanleg.

Det mildnar (les: skyer over) desse komande dagane, og me tek ei 3 mils etappe til nederst på Rabotbreen. Me har dura på for å ta att tapt tid i forhold til tidsrommet me har avtala depotutkøyring på, men når me legg oss i enden av Sassendalen slappar me godt av. I morgon skjer det, og me er på rett plass. Skal til og me ta oss ein kviledag. Og godt er det! For desse ni dagane i strekk kjennes under føtene. Ein siste halvdag dreg me oss innover Fulmardalen berre for å kome så langt me kan før storlasset fyller pulkane med 120kg mat til folk og fe, pluss bensin, batteri etc.

Heilt sviske. Kviledag, velkommen!

Me pynter leiren ekstra fint på depotdagen, med fin fellesdo og det heile. Her kjem jo besøk! Då scooterlysa kjem til syne nederst i dalen vert det jubel, og i det dei svingar inn på tunet står brått heile turen på pause. I leiren er det folk, brødskjever, scootere, øl, smågodt og bål. Absurde saker. Og me får ikkje takka Mats nok! Som har teke i mot satelittelefonoppringingar 23.45 på ein fredagskveld, ordna omskift til fibersoveposar, MSR-brennar og meir batteri. Helsing til og frå bekymra mødre og nye kjærleikar fekk me ordna, og Ingeborg forsynte oss me FERSK middag til dagen derpå. Kjøtt som ikkje var tørka og saus som ikkje var pulver. Me skal aldri gå unsupported! Om me kan unngå det.. Då siste scooter køyrer avgårde, er det som dei aldri var her, pauseknappen er av. Berre bålgropa vitnar om besøket.

Ein tår til alle
Ingeborg, Marie, Kristine, Åslaug, Randi, Maja, Stig Ove, Mats og Torunn. Ein fantastisk kveld. Takk!

Kviledagen derpå er det mat og fotkvile på menyen heile dagen, ingen tvil. No har me fått 20 dagars rasjon og siste påfyll, etter dette venter sør-spitsbergen. Ubefolka og vakkert. Me gler oss!



2 kommentarer: